
Dato: 10.-12.9 2010 Sted: Dyrskuplassen i Seljord
Klikk her for å laste ned programmet som er rikhaldig og variert, med noko for
ein kvar smak.
Vi byr på eit variert husdyrprogram med dyreutstillingar og oppvisingar.
Kulturprogrammet byr på spelstykke, utstillingar, soger og spel. I år med
Dyrskuspel, eit samarbeidsprosjekt mellom Grenland Friteater og
Seljordspelet. Laurdag kan du sjå brudepar bli smidd i "hymens lenker" av
smeden i Sterke Nils-tunet.
Husflidsutstillinga viser flotte husflidsprodukt som er sendt inn til
tevlinga.
I Sterke Nils tunet kan ein sjå mange spennande tradisjonrike handverk
demonstrert. I Matkvartalet møter ein produsentar av kortreist mat som sel
eit vidt spekter av matprodukt.
Lunds tivoli kjem med mykje nytt og spennande av karusellar og apparat, så
her blir det fart og moro.
Vi ønskjer velkomen til årets store folkefest !
Prisar:
Dags billett:
Born (6-15 år) NOK 50,-
Vaksen Fredag og Sundag (frå 16 år) NOK 130,-
Vaksen Laurdag (frå 16 år) NOK 150,-
Opningstid:
Fredag-Laurdag: 09.00-20.00
Sundag: 09.00-18.00